Hildre, 6272 Hildre
902 91 342
erin@hildreskule.no

Om Montessori

Maria Montessori, pedagogikk og filosofi

Maria vart født i Chiaravalle i Italia i 1870, døde i Noordwijk i Nederland i 1952. Ho var Italias første kvinnelige lege. Seinare småbarnspedagog. Etter å ha observert barn i deira skulemiljø, fant ho tre ting som er spesielt viktige forundervisninga: Miljøet, læraren og fridomen. La vekt på såkalla sensitive periodar, knytta til utviklingsstadiet barna er på, der dei viserspesiell interesse for å lære visse ting.

Seks grunnprinsipp

  1. Det forbudde miljøet
  2. Fridom og ansvar
  3. Individualisering - samarbeid
  4. Arbeid og arbeidssyklus
  5. Konkretisering - motorikk
  6. Heilhet - fredstanken

Montessoriskulen har aldersblanda grupper. Vanlegvis er det tre årstrinn i same gruppe.Det er montessoripedagogane som er ansvarlege for å førebu miljøet i dei ulike gruppene.Dette gjeld alt ifrå interiør, til konkretiseringsmateriellet som vert brukt.

Lærarrolla vert noko annleis enn den tradisjonelle. Læraren skal, i staden for å være einaktiv givar av informasjon, legge tilhøva til rette slik at barnet kan guides til sjølv å finneut det dei treng.

Maria Montessori sitt hovedbudskap var alltid å vende merksemda mot barnet - å følgjebarnet.

Fridom krev også ansvar. Læraren tilpassar graden av fridom ettersom graden av ansvaraukar.

Barna lærar å jobbe både åleine samt i større eller mindre grupper. Samarbeid er viktigfor framtidige jobbar ute i det større miljøet(samfunnet).

Maria Montessori var oppteken av at læring og arbeid tek tid. Barnet skal derfor få roa ogtid nok til å kunne fordjupe seg i arbeidet sitt. Dette ville Maria sikre gjennom langearbeidsøkter, som ikkje vert avbrotne av timeskifte eller friminutt. Skulen har derfor eilang arbeidsøkt før mat og ei økt etter mat og utetid(1 time).

Konkretiseringsmateriellet som vert brukt er også svært nyttig for finmotorikken tilbarna, noko som igjen påverkar læring over lengre tid. Materiellet skal også ha eininnebygd kontroll, slik barnet slepp å spørje ein vaksen om dei gjer rett eller feil. Gledeover å meistre er viktig.

Montessori sin pedagogikk vert også kalla ein aktivitetspedagogikk, der tanken er at kroppog hjerne er ei integrert heilheit. Dette er grunnen til at miljøet er utforma for aktivitet.Montessorimateriellet varierer med barna sin alder, frå at ein trener heile sanseapparatetmed materiell, som t.d. å ta på ulike underlag, kjenne ulike lukter, høyre ulike lydar, sortereulike fargar, til at ein høgare opp i skulen t.d. konkretiserer meir abstrakt matematikk.

Barnet skal lære seg sjølv å kjenne som individ og som ein større gjensidig del av kosmos.Så enkelt og så vanskeleg på ein gong. Marie montessori var opptatt av toleranse oggjensidig respekt for å oppnå fred. Fred mellom ulike menneske og fred på jord.

Alt har ei særskild hensikt.
Alle har ei særskild oppgåve.
Alle har eit særskild ansvar.
Alle delar høyrer saman og dannar ei heilheit.
Heile verda i fellesskap.
Fred på jord.

- Maria Montessori

Praktisk arbeid

Ungdomsskuletrinnet har eit eige fag som heiter «Arbeid». Dette utgjer 627 timer, der praksis i arbeidsliv og landbruk står sentralt. Her får ungdommane knytte faga, direkte opp mot ulike arbeidsområde.