SFO

SFO-personalet er der for barna og har eit sterkt ønskje om å skape eit triveleg og trygt miljø for dei. Måla våre er vennskap, tryggleik og sosial læring, slik at alle får det fint og kjekt ilag. Dagleg jobbar vi med den sosiale læringa og emna til å kunne vere ilag på ein fin måte.

SFO legg vekt på leiken fordi barna gjennom leiken lærer og utviklar seg på mange områder og fordi personlegdomsutvikling og sosialisering er svært viktige prosessar.

Open for barn på 1. - 7. trinn

Opningstider: måndag til fredag 07.00 - 8.30 og 14.30 - 16.15

Foreldrebetaling: kr. 1.495 per mnd. (10 mnd. i året f.o.m. 15. august - 15. juni)

Ref. §6 i vedtektene er foreldrebetalinga fastsett av styret i Hildre Montessoriskule SA. Den skal innbetalast 10 månader per år (f.o.m. 15. august t.o.m. 15. juni).

Ref. §7 i vedtektene er det 2 månaders oppseiingsfrist rekna frå den 1. i kvar månad. Plassen kan ikkje seiast opp seinare enn 1. mars med verknad frå 1. mai. Ved seinare oppseiing må plassen betalast ut skuleåret.

Telefon SFO: 90265042

Relevante dokument

Søk om plass i dag!

Eller kontakt oss for gratis og uforpliktande prøveperiode.